Fermentering (podkast)

Små Vesen og Noraker møtast rundt bordet for å snakke om kva fermentering er og kva det betyr for kvalitetsprodukta dei produserer.

Podcast Espen Nils
Om fermentering
Espen & Nils

Mange tenker at fermentering er noko nymotens og handlar om fermentering av kål og chili i noregsglas på ein kjøkkenbenk på Grünerløkka, men det me ofte gløymer er at fermentering er ein av dei eldste måtene å konservere maten på. Mange tenkjer ikkje på at kvardagskost som ost og brød eller kvalitetsprodukt som øl og rakfisk er fermentert. Men det er altså mikrobiologien som hjelper oss å få maten på bordet.

Fermenteringsvegen Kjele Espen
Frå bryggerhuset hjå Små Vesen