Gardshistoria
Noraker blir fyrste gong nemnt i skriftlege kjelder i 1337, og har sidan 1500-talet vore i same slekt. I dag er det 12. generasjon ved Nils Noraker som er drivar av garden. Garden er av dei større i Valdres med fleire fjellvatn og med omlag 8000 dekar skog. Eigedomen strekk seg frå Aurdalsfjorden (300 moh) opp til Binnhøvdsknatten (1165 moh). Gjennom tidene har garden hatt fleire stølar og til saman 13 husmannsplassar. Ifølge folketeljinga som vart gjort i 1860 var det over 60 personar som hadde bustadadresse på Noraker.
Næringsvegane på Noraker har vore skogbruk, jordbruk, husdyrhald, jakt og fiske, der skogen lenge var hovudnæringa. Mjølkeproduksjon heldt fram til byrjinga av 1960-talet, og 200 sau på vinterfôr fram til 1979. I dag er det vatnet som gjev grunnlaget for hovuddrifta på garden.