Noraker Gård

Fiskeoppdrett

Det viktigaste kriteriet for å få ein god rakfisk, er å ha gode råstoff. Produksjonen vår går føre seg i reint fjellvatn frå Norakeråsen. Her er det eit eige vassdrag, beståande av ti fjellvatn som renn ned i Norakerelva. Fyrst kjem vatnet i fossefallande stryk, så ned i røyrgater den siste kilometeren fram til oppdrettsdammane. Ved utlaupet blir det i 2022 kopla på eit eige kraftverk som produserer inntil 145 kW per time.

Når vatnet forlèt dammane, filtrerast alle partiklar større en 50µ (0,05 mm) ut i reinseanlegget. Innhaldet herifrå, bruker me som gjødsel på jorda. Vatnet går vidare gjennom fire store sedimenteringsdammar med god sivvekst der mykje av dei oppløyste næringssaltane frå vatnet takast opp i plantene.

I mai månad sleppast det småfisk på 100-200 g i dammane, høvesvis med omlag 20.000 i dam 1, 10.000 i dam 2 og 20.000 i dam 3. Fisken veks ein til to prosent kvar dag, fram til me startar slaktinga i månadsskiftet august/september. Då er fisken 500-600 g. Noko fisk blir slakta i september og byrjinga av oktober, noko i månadsskiftet november/desember. Hovudopptaket av fisk er frå januar til påske. Etter påske tømmast og reingjerast dammane før me att startar ein ny syklus i mai.