Noraker Gård

Fiskeopptak

Når hausten kjem er det tid for å ta opp fisken.

I dag har me røyr frå dammen og rett inn i fiskehuset, noko som hindrar at fisken blir stressa. Inne frå slakteriet har me fjernstyrt spjeldventil. Denne løysinga gjer at me kan opne og stenge røyret slik at det kjem rikeleg med vatn inn saman med fisken. Fisken vil da symje lykkeleg inn i slakteriet der han bedøvast og avlivast, sløyast, vaskast og leggast ned til rak. Innanfor vindauget sjåast vaskebordet kor fisken spylast rein. Til slutt tørrsaltar me fisken og legg han i spann.

Noraker Butt Salt

I rakeprosessen er det viktig å leggje til rette for at mjølkesyrebakteriane får konkurransefortrinn framfor andre bakteriar. Mjølkesyrebakteriane er naturleg til stades i fisken, og det er desse som syter for fermenteringsprosessen. Mekaniske filtre og UV-lys syter for at vatn og luft som kjem inn i anlegget er heilt reint. Etter kvar arbeidsdag blir utstyr og rom vaska med såpe. Deretter skumlegg, skurar, spyler og svabrar me alle rom etterfølgd av desinfeksjon med UV-lys om natta.

Noraker Butt Lukte