Sjølv om ein seier at ein ikkje visste kva som skjedde når det begynte å boble og bruse i ølet, så visste ein at det var noko som skjedde. For før ein oppdaga mikrobiologi, så hadde me i Noreg ein særegen måte å kultivere vår husgjær, det som ein i dag kallar kveik, med gjærkrans og gjærstokkar. Du kan sjå ein gjærkrans som heng inne ved utsyn, ved utsalet vårt.
Fermentering av øl
Ein skal ikkje lenger attende i folketrua enn til 1800-talet, då trudde folk det var dei underjordiske som gav alkoholen i ølet.


Gjærkransen er noko ein har skapt som har stor overflate, og som kan ligge på toppen av ølet i skummet og bruset, og her vil gjæren legge seg rundt om på overflata, og etter gjæringa kan ein henge den opp og lage turrgjær, og når ein brygger på nytt så kunne ein berre legge kransen eller stokken i vørteren og aktivere kveiken, også kunne prosessen berre fortsette.
Hos oss på Små Vesen har me i dag kontroll på denne prosessen i våre ståltankar, men prosessen er overraskande lik, sett bort frå at me i dag nytter fleire ulike gjærkulturar og ikkje berre sett vår lit til den eine huskveiken.