Velkomen til Fermenteringsvegen

I gamle dagar visste dei ikkje kva som skjedde når dei brygga øl eller la ned rakfisk, dei gjorde det med gamle tradisjonar, tru på dei små underjordiske vesen, og overtru.

I dag veit me at dette er fermentering, og Noraker rakfisk og Små Vesen Bryggeri deler både denne historia og fermenteringa av produkter,  i tillegg til ein felles veg og ikkje minst god tilgang på reint fjellvatn.

Fermenteringsvegen Paa Vegen
Kristian, Nils og Espen ynskjer velkomen til ei reise i fermenteringas verden.

Mø ynskje dikkan velkommen til Fermenteringsvegen, som er historia om to produsentar som har starta opp side om side, med produkt som passar uhorveleg gøtt i lag, og der vegvesenet tvinga oss til å bygge ein veg mellom oss, og som har ført til at me i dag har funne ut at det er grådig artigt å kunne samarbeide, og kunne møtast for dei uformelle kaffikoppane for å skape noko slik som fermenteringsvegen, som du no kan ta del i.

På plakatene på området finn du QR-koder du kan skanne som gir deg meir informasjon om viktige tema for oss og våre produkt. Langs denne vegen kan du få ta del i vår felles arv, og lære litt meir om kva ein kan få ut av godt handelag, fjellvatn, gode råvarer, med litt hjelp av våre vener i mikrobiologien. Du kan få informasjon med alle sansar, og me har delt både bilete, lyd og video, også kan du komme inn å få lukte og smake. Kjenslene kjenner du undervegs!